Då Kolset oppvekst i fjor såg ut til å kome under elevtalet for udelte skular, ønskte Bremanger kommunen ein rapport om situasjonen. No har den blitt handlingsplan også for andre skular.

Då Kolset oppvekst i fjor haust låg an til å kome ned i berre elleve elevar totalt ønskte kommunen ein handlingsplan med alternative måter å handtere denne og liknande situasjonar på. No har ein tilflyttarfamilie med to barn redda situasjonen ved Kolset – dei ligg no rett på elevgrensa med 13 elevar – men rapporten er framleis aktuell som ein plan om kva som skjer ved bremangerskular der det totale elevtalet går under 13.

Styringsgruppa har i utgreiinga føreslått ein reversibel modell der ein flyttar 5.-7. klasse til ein anna skule om skulen blir udelt.

– Dette gir oss ein handlingsplan som vil gjelde for alle skular i Bremanger. Om elevtalet kjem under 13, blir skulen udelt. Då kan ein sette i verk det som står i utgreiingane, seier ordførar Audun Åge Røys.

Det blei også lagt til eit punkt til dette vedtaket som gjekk på at brukarane, altså foreldra, skal takast med på råd.