Linebåten Keltic har fått nye eigarar. Like før jul vart båten, som har vore registrert i Bremanger, seld til Ervik Havfiske på Stadlandet i Selje kommune.

Dermed har Stig Ervik og Kjell Magne Ervik styrka sin posisjon som eigarar av verdas største linebåtreiarlag.

Bjørn Nygård frå Bremanger har vore mannskap og skipper på båten sidan 1983.

Han har eigd 50 prosent av den. Dei to andre eigarane før salet var Fjellmøy-reiarlaget med 25 prosent og Leif Helge Dimmen med 25 prosent.

Stig Ervik i Ervik Havfiske seier at sjølv om båten er 34 år, så er den i god stand.

- Vi har hatt god dialog med eigarane i lang tid. Vi fann at det no var rett tid for å kjøpe båten med kvotar. Sjølv om Nygård no sel båten, så skal han vere med vidare som skipper. Nygård er ein av veteranane i linemiljøet, og han er ein dyktig og erfaren skipper, seier Ervik.

Bjørn Nygård seier til Fjordenes Tidende at han følte det var tida for å selje når dei fekk eit bod dei kunne akseptere.

- Vi blir ikkje yngre. Og så var det viktig for meg at båten skal drivast som før og at mannskapet får vere med vidare, seier Nygård.

Og sjølv om han sel sin eigardel i båten, så vil han framleis vere med som skipper.

- Vi skal gå på sjøen laurdag 2. januar, med dei same folka om bord, seier Nygård.

Kjøpesummen er 85 millionar kroner.

Etter dette oppkjøpet så består Ervik Havfiske av åtte linebåtar som er registrert i Norge, og fire som er i utlandet.

Fiskerikonsernet har rundt 300 tilsette.

Keltic er bygd på Fiskarstrand Verft i Sula kommune i 1981.

Den vart forlenga i 1997.

Båten er 42,2 meter lang og 8 meter brei.