Brannsjef Magne Igland fortel at planen som vart lagt på møtet etter førre brann i Svelgen var å setje av 3 millionar årleg til utbetring av leidningsnettet i Svelgen.

– Vi har eit regelverk å følgje – ei dimensjoneringsforskrift. Vi er for så vidt innanfor den i dag, men eg meiner det ikkje er bra nok. Kommunen er nøydde å tenke framover og klare å prioritere, seier han og fortset:

– Dersom dei skal bruke dei 2,6 millionane på brannbilar andre stadar vil det bli bruktbilar. Dersom dei hadde investert i tankbil og dernest ordna leidningsnettet, kunne tankbilen bli plassert ein annan stad etterpå og heile kommunen ville samla sett vore tryggare.

I ein kommune som Bremanger er det ikkje krav om brannhydrantar og kummar, slik det er i byane.

– Derfor må Bremanger kommune ta tak i dette med ein gong. Slik kan vi ikkje ha det, seier brannsjefen.