Når Rugsund-firmaet Havfront no set sløyemaskina Loppa i produksjon kan dei to gründerane fornøgd konstatere at marknaden kan vere utvida.

– Det er kyst- og sjarkfiskarane vi har satsa på og utvikla sløyemaskina for. Men det er artig at den havgåande autolineflåten også no viser interesse, seier dagleg leiar Marius Strømmen.

Lagd for dei minste

Saman med Oddbjørn Gudmundsen fekk han for tre år sidan ideen til ei sløyemaskin som kunne fungere for den mindre sjark- og kystflåten.

– Det fanst ikkje maskiner for dei minste båtane. Maskinene er for store i storleik og vekt. Men den maskina vi har utvikla er ikkje meir enn 150 kilo, 1 meter høg og 40 centimeter brei, forklarer Strømmen.

Gründerane har også tenkt forenkling. For medan maskinene på dei store båtane har sensorar og elektronikk er Loppa enklare.

– Fiskarane treng utstyr dei kan skjøne seg på, fikse sjølve og som ikkje kostar så mykje å vedlikehalde.

Men no ser altså også den større flåten verdien av den vesle, fleksible maskina.

– Den kan i tillegg til å ta torsk, hyse og sei, også handtere brosme og lange som har vore ei utfordring for autolineflåten. Fiskane kan vere i storleiken frå 0,8 til 8 kilo. Og den store flåten har også avgrensa med plass og ser verdien av ei lita maskin, seier Strømmen.

For sal frå mars

No bestiller gründerane to maskiner hos Klausen Mekaniske Verksted i Svelgen for sal.

– Vi håpar å få seld maskina til mellom to til fem båtar i år, som er dedikerte og kjende med at dette er førstegenerasjonsmaskiner. Dei tek jo også ein risiko, men vi håpar å kunne luke ut resten av barnesjukdommane i denne fasen, seier Strømmen, som understrekar at testrundane har fått bukt med det meste.

Strømmen trur suksessfaktoren til sløyemaskina deira er rekkefølgja ting har gått i.

– Vi har retta oss mot kundane heile tida, gått til dei og spurt kva dei treng. Så kan vi vere dei som driv det fram frå idé til realitet. Det er den vegen det må gå, seier Strømmen.

Takkar for lokal støtte

– Sjarkane og aktørane vi har samarbeidd med skal ha all honnør for at vi har kome så langt, seier Marius Strømmen.

Kalvåg-sjarken MS Stormhav er den som har testa Loppa for Havfront det siste året.

– Første testperiode var på ein tre-fire månader, men vi har køyrt fleire rundar, fortel Strømmen.

Han er takksam for hjelpa Stormhav og skipper Håkon-Inge Mjånes har bidrege med.

– Gjengen frå Kalvåg er fantastiske. Dei har gjort det mogleg for oss å satse, seier han.

Ingenting signert enno

Ein annan aktør som har gjort alt mogleg er Klausen Industrier i Svelgen.

– Dei er fleksible, hjelpsame og flinke. Og ikkje minst har dei forståing for å ikkje suge kassa vår tom før vi har pengane. At det finst nokon som er villige til å vere med og ta risikoen på den måten i starten er avgjerande for gründerar, seier Strømmen som saman med kompanjongen har investert 1,5 millionar i sløyemaskina.

No er dei i kontraktforhandlingar med båtar, sjølv om ikkje noko er signert enno.

– For ein gründer er dette den mest kritiske fasen. No skal vi få betalt for maskina, og kjøparane forventar at den fungerer. Det er enno rom for å feile. Vi går ein spennande tid i møte, og det er med skrekkblanda fryd, seier Strømmen.