Dette innlegget er skrevet av Svein Hansen, leder i Sjukehusaksjonen Nordfjord, og sto på trykk i Fjordenes Tidende tirsdag 2. februar.

Nordfjord, vår merkelege verd!

Så kan vi lese det svart på kvitt, ein uttale frå Fagdirektør Hans Johan Breidablikk om at det kan vere farleg å bruke Volda sjukehus.

Kva agenda har denne mannen og Helse Førde?

Er det dette som skal vere ein del av den store «motoren» i Sogn og Fjordane for å bygge vidare «byen» Førde.

Det er ikkje nok med at dei har rasert Nordfjord sjukehus og tilbodet i Nordfjord, no skal dei støtte opp om at også sjukehuset i Volda og dei andre sjukehusa i landet som er truga, skal få smake same «medisinen» som legane og tilsette ved Nordfjord sjukehus fekk.

No er det informasjonskanal direkte til helseminister Bent Høie og Oslo byråkratane. Viktig er det å halde legane/helsepersonalet unna.

Ja, no får vi høyre kor framifrå alt er, ja, dei har til og med tilsett stadleg leiar som skal passe på dei tilsette og fortelje utad kor bra alt er.

Men vi gløymer to viktige ting, kva hadde vi innafor veggane på sjukehuset før denne raseringa starta?

Kva hadde det vore att innafor veggane dersom ein ikkje hadde stått på og kjempa?.

Vi får ikkje sjukehuset vårt attende slik det var. Dette har vi sett lenge. Men vi skal kjempe for å bygge helsetilbodet oppatt i samarbeid med alle gode krefter, slik at alle i Nordfjord får eit godt helsetilbod i framtida.

Dette kan skje ved eit samarbeid med Volda sjukehus.

Det tilbodet som då ikkje fins på Nordfjord sjukehus må pasienten i samråd med legen fritt kunne velje behandlingsstad. Det kan ikkje vere slik som no at telefonnummeret til Volda sjukehus er vanskeleg å finne og sjukehuset blir brukt til å «sluse» folk til sentralsjukehuset uansett, og mot deira vilje.

No får vi høyre at Alfred Bjørlo trur at det kan vere både lærerikt og spennande for politikarane i Volda å besøke Nordfjord sjukehus. Og tenke seg til, han kan også vere open for å kome inn på andre saker.

Ser at leiaren i Eid Arbeidarparti, Siri Sandvik, kan vurdere å gjere det motsette, og at politikarane på Eid kunne ta seg ein tur til Volda sjukehus for informasjon og ved sjølvsyn få innblikk i kva tilbod sjukehuset der har.

Den tanken bør ho få andre med seg på. Sjå Sunnmørsposten i 2011 og intervjuet med Alfred Bjørlo. Då var samarbeid med Volda viktig.

For ein glimrande idé. Tenk om dei kunne ta turen og sjå på eit velfungerande sjukehus med eit vaktsystem som Nordfjord har mista og som også Volda sjukehus skal miste.

Det er så rett som ho seier, uansett så er vi naboar.

Dette må ein ta inn over seg. Ein kan ikkje la ei kunstig grense vere i vegen for å ha samarbeid og i dette tilfelle, livreddande samarbeid.

Nordfjordingar vil vi bli til all tid.