John Olav Lefdal, eigar av Nordfjord Serviceterminal i Olden, meiner det avtroppande hamnestyret i Nordfjord Havn køyrde seg sjølv i grøfta. Han ser no fram til betre samarbeid i Nordfjord.

Stort potensial

Det var Lefdal sin far, Aslak Lefdal, som for over 25 år sidan satsa på cruisekai i Olden.

– Folk trudde jo han var gal.

Lefdal meiner Nordfjord må hive seg på den sterke veksten i cruiseturismen. Og det no.

– Verdiskapinga kan doble seg i Nordfjord på ti år om vi no får til samarbeid og investering, seier han, og peikar på etablering av ei cruisekai nummer to i Nordfjord for å ta unna for veksten.

Ikkje berre Måløy hamn

Kaia i Olden blei ifølgje Lefdal for over ti år sidan seld via Stryn kommune til Nordfjord Havn med lovnadar om å utvikle Olden som cruisedestinasjon og bygge ut ny kailøysing.

– Dei har snakka om utvikling i over ti år utan at noko har skjedd. Vi føler det har vore vanskeleg å få til samarbeid med styreleiar, rådsleiar og tidlegare hamnesjef. Alt kan ikkje handle om hamna i Måløy. At styret no vert endra, er fordi dei har gjort ein dårleg jobb. Og som øvste leiar står styreleiar ansvarleg. Nordfjord Havn er eit interkommunalt samarbeid mellom fem kommunar. Det trur eg styret gløymde.

Håpar på godt samarbeid

Lefdal poengterer at samarbeidet med noverande hamnesjef allereie er godt. No håpar han det nye styret følger etter med kreative tankar og idear for Nordfjord.

– Det er positivt med nye krefter som kanskje tenker annleis. Nøkkelordet er samarbeid – med kvarandre og med destinasjonsselskap og aktørar i reiselivet, seier Lefdal.

– Eg har full forståing for hamneutbygging i Måløy er viktig. E6 til sjøs går jo gjennom sundet der. Men vi må ikkje gløyme det store satsingsområdet i Norge – reiseliv og turisme. Vi veit at det per dag blir skapt verdiar for 100 millionar i Olden. Dette kan doblast for Nordfjord med ei cruisekai på Nordfjordeid, seier han.

Han meiner Nordjord kan gjere det enkelt ved å handle raskt. Nordfjordeid er allereie godkjend og regulert for cruisekai, og Lefdal meiner ein bør  investere i ein seawalk, ei flytande kailøysing mellom skip og land.

– Det er ein oppe for tvangssal på Møre no, og vi kan spare 12 millionar om vi handlar raskt. Her kan vi få ei ny cruisekai feridg utlagt, toppankra og godkjend, på Nordfjordeid for ein tredjedel av prisen for ny kai i Olden.

Har jobba mykje for cruise

Avtroppande styreleiar i Nordfjord Havn Stig Oldeide er ikkje einig med John Olav Lefdal om at det ikkje har vore fokus på cruise og reiseliv i Nordfjord Havn.

- Vi har brukt mange millionar i Olden den siste fireårsperioden, mellom anna har vi lagt ut fortøyingsbøye, skifta ut gamle pullertar og sett ut nye, skifte ut fyllinga, kjøpt ei tomt som skal utviklast for lokale aktørar til oppstillingsplass for bussar. Vi har gjort mange ting, grunnarbeid som kostar pengar, men som ikkje nødvendigvis viser så godt igjen.

Oldeide seier ei heil stilling i Nordfjord Havn går med til å jobbe med cruise.

- Det er ikkje ein noko ein arbeider meir med enn det, seier han.

Han peikar også på at satsinga på cruise er ei vedtatt sak som går sin gang uansett kva styre som sit.

For mykje usikkert rundt seawalken

Dei har vore klar over seawalken som er tilgjengeleg på Møre, men Oldeide seier at det har vore for mykje uavklara til at dei har kunna slå til på den.

- Mellom anna er seawalken så lang at den kjem utanfor området for reguleringsplanen. Den kjem heilt bort i utløpet av Eidselva. Så her må vi ha ein uttale frå Fylkesmannen før vi kan gjere noko, og ein må starte ordentlege utgreiingar, seier Oldeide, som peikar på at det for dei var heilt utelukka å kjøpe ein seawalk til mange millionar kroner med atterhald om at usikre punkt blir godkjend.

John Olav Lefdal veit at det var eit problem for Olden at den planlagte seawalken kom i konlfikt med utløpet av elva der.

- Men det er ikje tilfelle i Eid. Den kjem ikkje i nærleiken av elveutløpet.

- Vi måte vite at det går før vi kan kjøpe, seier Oldeide, som peiker på at det allereie er mange mulegheiter for cruiseskip å besøke regionen.

- Ein kan ankre opp i både Eid og Gloppen. Vi har tenderkaier plassert alle stader der kaiene er tilrettelagt for cruisetrafikk.

Dette meiner Lefdal ikkje er ei løysing for framtida.

- Båtane som byggast og kjem no er mykje større, med opptil 6.000 passasjerar. Då er det ikkje ei god løsying med tenderkai der ein må frakte folk i land, det er ikkje gjennomførbart, seier han.