Klokka to natt til laurdag måtte politiet steppe inn og fjerne ein mann frå ein privat bustad i Eid.

Det var i fest i huset der mannen hadde dukka opp, og dei andre festdeltakarane blei  etter kvart lei av mannen som lagde bråk.

Operasjonssentralen skriv i sin rapport frå staden at mannen vart fjerna etter melding om husbråk, og at vedkommande var uønskt på festen i huset.

Cirka 40 minutt tidlegare hadde politiet i Eid også måtte kome til ein serveringsstad i sentrum etter meldingar om ein uønskt gjest. Politiet viste vedkommande vekk.

Det er ikkje opplyst om desse to episodane har samanheng.