Natt til søndag stansa politiet ein bilførar som råkøyrde i 60-sona i Deknepollen i Vågsøy.

Bilen vart målt til heile 105 kilometer i timen, opplyser Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Dermed måtte den unge bilføraren i 20-åra levere frå seg førarkortet, og det blir nok ei stund før han kan sette seg bak rattet igjen.