Elevane i 8A ved Vågsøy ungdomsskule var dei fyrste elevane som fekk ta i bruk modulskulen på Tennebø.

- Vi kjenner oss veldig heldige og spesielle. Det er så utruleg fint her, seier Mathilde Flåten Refvik.

Sjuke av glede

8. klassingane hadde tidlegare på dagen flytta pultar, stolar, bøker og anna utstyr inn i trailarar, som køyrte flyttelasset frå skulen på Gotteberg til den nye modulskulen.

- Det var veldig tungt å bere alle pultane, men verdt det når vi ser kor fint det har blitt her. Eg trur det blir veldig kjekt å gå på denne, eg har gleda meg sann at eg har vore kvalm heile dagen, fortel Viktorija Jonelaityte, og legg til:

- Vi var inne og såg på kjøkkenet og det er nesten for fint til at vi skal bruke det.

Arbeidsam gjeng

Kontaktlærar for 8.-klassingane, Susanne Hageland, er strålande fornøgd med både den nye skulen og innsatsen til elevane.

Hageland trur dei nye omgjevnadane vil gje elevane ein motivasjonsboost.

- Vi er veldig glade for å vere på plass og eg trur elevane vil ha litt ekstra å gje no, fortel ho.