Med 14 mot 9 røyster har Bremanger kommunestyre bestemt at dei ikkje går vidare inn i forhandlingar om intensjonsavtale med nabokommunane Flora og Vågsøy.

Fleirtalet følgde innstillinga frå formannskapsmøtet tidlegare i dag  der fleirtalet viille at Bremanger kommune skal stå åleine, og samtalar med Vågsøy og Flora ikkje er nødvendig. .

Fleirtalet bestod av Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.