Statens vegvesen har torsdag tildelt Fjord1 løyve for ferjesambandet E39 Anda-Lote i Nordfjord. Det melder vegvesenet i ei pressemelding.

Kontrakten gjeld for perioden 2018 til 2027, med høve til å forlenge kontrakten éitt år. Statens vegvesen fekk inn tre tilbod, og valde Fjord1, som også i dag drifter sambandet. Fjord1 sitt tilbod var på 826 millioner kroner. Dei to andre som leverte tilbod var Norled (1,12 mrd. kroner) og Boreal (1,4 mrd. kroner)

– Vi er veldig godt nøgde, både med konkurransen og med tilboda, seier fagkoordinator for ferje i Statens vegvesen Region vest, Anders Sæternes.

Konkurransen om ferjesambandet mellom Anda og Lote er den første ordinære konkurransen i Norge som har stilt krav til ferjer med null- og lågutslepp.

– Difor blir ei av ferjene heilelektrisk, og den andre hybrid, med blanding av elektrisk og biodiesel som energikilder. Ferjene blir bygt heilt nye til 2018, forklarer Sæternes.

Sæternes fortel at ferjene skal gå med 20 minutters frekvens frå klokka 06.40 til klokka 20.00. I vekedagane blir det 15 fleire turar i 2018, og på søndagar 18 fleire turar. Også om natta blir rutetilbodet betre.

– Dei reisande får eit vesentleg betre rutetilbod. Sambandet blir tilnærma døgnope, seier han.

Ferjene har plass til 110 såkalla personbileininger kvar.

Billettsystemet i den nye kontrakten skal vere AutoPass. Det inneber ei omlegging av takstregulativet, som betyr at passasjerar reiser gratis, medan det blir litt dyrare for bilar. Reisande kan betale med AutoPASS-brikke, bankkort eller kontantar.

Eid-ordføraren er blant dei som jublar for nuyenda.

- Eg vil gratulere Fjord1 med kontrakten, og er særleg glad for at Fjord1 har vunne anbodet med nye, store ferjer med null- og lågutsleppsteknologi som skal gå med høgare frekvens enn i dag heile døgnet. Dette vil vere eit stort framsteg for både trafikantane og klimaet, seier Alfred Bjørlo (V).

At den eine av dei nye ferjene skal vere heilelektrisk, medan den andre skal gå på ein kombinasjon av el og biodiesel ser han og som svært positivt.

- Dette betyr at energien til ferjedrifta kan produserast og gi verdiskaping lokalt og regionalt, i motsetnad til den gamle fossil-teknologien.

- Det er særleg interessant at biodiesel no kjem inn for fullt til erstatning for den gamaldagse forureinande fossil-dieselen. Biodiesel kan produserast av skog, og gir mulighet for ein ny marknad med lokal verdiskaping frå skog som ikkje finst i dag. Dette er ein viktig del av det grøne skiftet i økonomien som Venstre ivrar for, seier Alfred Bjørlo, som fortel at han sjølv leia Venstre sitt arbeid med Grøn Vekst og ny grøn verdiskaping fram mot Venstre sitt landsmøte i 2015.