- Eg trur vi har større sjansar til å utvikle samfunnet saman enn kvar for oss, sa Jorunn Frøyen (H) frå talarstolen i rådhuset i Svelgen, men det nådde ikkje fram.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti hadde bestemt seg, og med 14 stemmer mot Høgre, Venstre og Sosialistisk Venstreparti sine 9, blei det bestemt at Bremanger ikkje går vidare med forhandlingar om kommunesamanslåing med Vågsøy og Flora.

Diskuterte samanslåing, ikkje samtalar

Frå nei-partia si side gjekk argumentasjonen på at dei såg Bremanger meir tent med å stå åleine, i så stor grad at dei ikkje såg nokon grunn til å diskutere andre alternativ.

Og debatten tok raskt ei vending som gjekk meir på om ein burde slå seg saman eller ikkje, enn ein debatt om ein skulle halde fram med samtalar for å sondere terreng og mulegheiter.

- Korleis satsar kommunane nord eller sør for oss på tenester, har dei like billeg arbeidsgjevaravgift, blir det dyrare kulturskule, blir det dyrare sjukeheim, blir det gode vilkår for tilsette, vi veit at våre tilsette har betre løn, korleis blir det? Det blir påstått at sentralisering og effektivisering er avgjerande for robuste kommunar. Det vil måtte skje her også om vi skal hente inn dei økonomiske vinstane det blir snakka om. Og om ein storkommune vil gje meir press for å få kystvegen raskare på plass, tvilar eg sterkt på, sa Marius Strømmen (Sp), som presiserte at samarbeid over kommunegrensene skal fortsette. Men ikkje samanslåingssamtaler.

- Det er ikkje berre snakk om kva vi kan få, men vi må også diskutere kva vi er villige til å gje frå oss, eller kva vi kan få behalde ei lita stund. Det er ikkje bra nok at dei er villige til å sjå på om vi kan på behalde nokre arbeidsplassar på rådhuset, sa Ap sin gruppeleiar Thomas Øvstedal.

Betre grunnlag for avgjerd

- De snakkar om at vi kjem til å miste arbeidsplassar, at skulane vil bli lagt ned, at tenestene og økonomien vil bli dårlegare, men kven seier det? Vi veit jo ingenting av dette. Vi veit ikkje kva vi kan få ut av ei eventuell samanslåing før vi har tatt dialogen og stilt krava, parerte Charlotte Skjølberg (SV).

Saman med Jorunn Frøyen og Kåre Jarl Langeland (V) var ho den sterkaste forsvararen av ikkje å bryte dialogen om kystkommunealternativet.

- Vi gjekk ut av Nordfjordrådet og sa vi ønskte at det eksisterte ei kystregion vi kunne vere ein del av. No er eg skremt over denne debatten. Vi må jo snakke med naboane våre. Er det vekst i Flora og Vågsøy har jo vi vinst av det. Vi må klappe litt meir for kvarandre. Vi har ei utfordring med folketalsvekst her på kyststripa. Den må vi ta i lag. Har vi tenkt over kva konsekvensen blir ved å vise oss så sjølve nærast at vi ikkje ein gong vil snakke om ein intensjonsavtale? sa ein tydeleg bevega Kåre Jarl Langeland.

- Eg skjøner ikkje at folk kan vere så skråsikre på at alt skal bli så bra i Bremanger om vi står åleine. Skulestrukturen ligg fast dette året, men alt kan skje til neste år. Vi har like lite garanti for kva politikarane i Bremanger vil gjere som politikarane i ein storkommune vil gjere. Eg meiner vi må gje innbyggarane eit reelt valg.  Dei må få ta ei avgjerd i ei folkeavstemning eller meiningsmåling, sa Jorunn Frøyen, som presiserte at dette var ei viktig avgjerd som ville følgje Bremanger i mange tiår framover.

Men forsølka på overtyding hjelpte lite. Både Ap og Sp viste til at dei hadde gått til val på at Bremanger skulle stå åleine, og stemte deretter.