Dei 220 elevane ved Vågsøy ungdomsskule brukte dagen på å vaske og bere pultar, rydde gymsalen og laste trailarar.

- Det er kjekkare enn å ha vanlege timar, fortel Alexander Midtbø, som går i 9C.

Blanda kjensle

Elevane som etter vinterferien skal halde til på modulskulen på Tennebø i tår framover gledar seg til å flytte, sjølv om dei tykkjer det er litt vemodig.

Siri Kvalheim, Sofie Vedvik og Mette Silden i 10C er samde med gutane i at det blir rart å flytte frå skulen.

- Vi kjem aldri til å gå på denne skulen igjen, men det er klart det blir kjekt å gå på ein heilt ny skule. Kanskje det gjev oss motivasjon til å gi litt ekstra det siste halvåret, seier dei.

Ei organisatorisk utfordring

- No har vi gjort det slik at kvar klasse ryddar sitt klasserom og kvar elev tar sin pult. Noko som har fungert veldig bra. Vi har fått flytta to klasse på 30 minutt, så det må vi vere nøgde med.