Eid vidaregåande skule har ei auke på ni prosent på tal elevar som fullfører og består yrkesfag.

– Nøgde blir vi ikkje før vi når 100 prosent, men det har vore ein god framgang ved alle skulane i fylket, seier rektor ved Eid vidaregåande skule, Ove Bjørlo.

I 2014 var det 83 prosent som fullførte yrkesfag ved Eid vidaregåande skule, medan det i 2015 var 92 prosent.

– Eg trur det heng saman med meistring og trivsel, og at elevane har ein inkluderande skulekvardag, der relasjonane mellom dei tilsette og elevane spelar ei enormt viktig rolle, fortel Bjørlo.

Vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane generelt har ei positiv utvikling på tal elevar som fullfører den yrkesfaglege opplæringa. Dei to siste åra kan fylket vise til fem prosent auke på fullført vg2 yrkesfag for alle skulane.

– Elevar som fullfører og består aukar sjansane sine til å få læreplass etter utdanninga, men i tillegg til å kvalifisere seg bør ein ha lågast mogleg fråvær, god orden og åtferd og bestått kroppsøving med karakter, heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.