Når Vidar Seljen Melby returnerer til Måløy, er det musikk frå 50- og 60-talet som står i fokus.

Laurdag 13. februar spelar Melby med bandet sitt Mel Bee & The Go Go Girls på Min & Din i Måløy.

Alle i bandet har musikk som jobb eller studieretning, og har jobba saman i tidlegare prosjekt, forklarar Melby.

– Vi har sydd saman eit repertoar som inneheld mange gode slagerar frå 50- og 60-talet, og nokre låtar som kanskje har blitt litt gløymd. Vi pressar mykje energi i kvar låt, noko eg trur kan falle i smak blant dei danselystne måløyværingane, fortel han om den komande konserten.

– Vi veit folk heime likar høgt tempo, så det skal dei jaggu få, ler han. Melby håpar på fullt hus og har høyrd rykte om nytt anlegg og ny scene på Min & Din.

– Og det blir kjekt å prøve ut. Eg trur det blir tidenes kveld, sler han fast.