Helge Hjelle meiner at ein ved å tilby Måløy Brygge som undervisingslokale framfor handelssenter byggjer ned Måløy som handelssenter.

– Utan eit sterkt sentrum trur eg heile kommunen blir svekka, og ein styrkar ikkje Måløy ved å drive undervisning for flyktningar i sentrum. Det er feil bruk av eit handelssenter, seier Helge Hjelle.

Formannskapet handsama saka om eit ti år langt leigeforhold av andre etasje med Måløy Brygge i slutten av januar. Saka vart utsett grunna mangelfull saksutgreiing og uklårleik rundt kva tilbod som var det mest hensiktsmessige.

Hjelle meiner at ein vel den enklaste vegen ved å putte kommunale tenester inn i det som i dag er eit kjøpesenter.

– I staden for å jobbe med å få inn nyetableringar som skapar aktivitet, puttar ein inn tenester som kommunen må kunne klare å finne andre lokale til. Dette er for meg heilt uforståeleg, fortel Hjelle.

– Det er som kjent slik at aktivitet avlar aktivitet. Dersom ein ikkje får inn nye butikkar er det ikkje sikkert at dei som allereie er etablerte klarar seg. Det er passivt av dei som styrer senteret at dei no har enda opp med ein tom etasje midt i sentrum. Dei siste fire nye butikketableringane i Vågsøy har skjedd i Måløy. Dei har valt å etablere seg i gata i staden for på Måløy Brygge, det bør fortelje sitt, seier Hjelle.

Han stiller seg uforståande til kvifor ein ikkje klarar å drive butikk i andre etasje på Måløy Brygge når ein klarar det på Måløy Storsenter i Degnepollen.

– Dei som tidlegare har halde til der har halde opphøyrssal eller blitt slått konkurs. Er husleiga for høg? Vel ein ei lettvint løysing når ein leiger ut lokala til det offentlege?, spør Hjelle.

Han meiner ei løysing kan vere å la nyetableringar få leige det fyrste året gratis.

– Deretter kan betale ein prosentdel av omsettinga i leige. Det må vere betre med små inntekter, enn ingen inntekter, seier Hjelle.

Senterleiar for Måløy Brygge, Victoria Juvik Øvstetun, meiner ikkje ein byggjer ned sentrum, sjølv om ein nyttar lokala til anna enn handel.

– Eg skulle svært gjerne ønska meg at vi hadde klart å fylle opp andre etasjen i senteret med butikkar, slik som det var tenkt i utgangspunktet, men no er det ein gong slik at marknaden endrar seg og det er ikkje lenger like attraktivt å etablere nye butikkar i andre etasje i små kjøpesenter, seier Øvstetun.

Ho meiner stikk i strid med Helge Hjelle at etableringa av eit opplæringssenter for flyktningar i handelssenteret kan føre til meir aktivitet i sentrum.

– Vi byggjer ikkje ned ved å nytte andre etasjen til anna verksemd enn handel. Tvert imot trur eg dette vil skape liv i bygget og fleire folk i sentrum, vi gjennomfører jo ikkje noko som vil vere negativt for våre eksisterande leigetakarar. Det er heller ikkje slik at kontor i andre etasje er ein uprøvd tanke, understrekar senterleiaren.

Senterleiinga har lenge slite med å få tak i nye leigetakarar til dei tomme butikklokala.

– Alle som jobbar med handel har eit ansvar for å fylle opp tomme butikklokala. Vi har konkurransedyktige leigeprisar, men handel har blitt ein tøff marknad der dei store kjedene er lokomotiv, seier ho.