Rekordmange 1.100 personar fylte Grieghallen onsdag – på tiårsjubileet til Framtidsfylket Karrieremesser.

Fjorårets rekord på 600 besøkande vart smadra. 65 verksemder, 250 standhaldarar  og 850 deltakarar sikra ei strålande stemning i Bergen.

- Vi er svært nøgde med oppslutninga på arrangementet. Messa er blitt ein viktig møteplass mellom næringslivet og potensielle arbeidstakarar, og den aukar i omfang og storleik år for år. Det er utruleg kjekt å sjå så mange flotte ungdommar som er interesserte i karrieremoglegheiter i Sogn og Fjordane. Interessa går langt forbi våre "eigne" ungdommar, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket i ei pressemelding.

1500 personar har delteke på dei tre messene i Trondheim, Oslo og Bergen i 2016, der størstedelen har stor interesse av ei framtid i Sogn og Fjordane.