Måndag starta takstmenn frå Eskan AS jobben med å taksere bustad- og fritidshus i Bremanger. Kommunen har frå i år innført eigedomsskatt også på private bustader.

Dermed kan det godt hende at du er ein av dei som får besøk av enten Jakob Tejler, Sindre Moldehagen eller Svein Martinussen frå Eskan AS.

– Ser du nokon du ikkje kjenner i hagen din, er det stor sjanse for at det er oss. Vi skal innom over 1.000 eigedomar dei neste vekene, seier Jakob Tejler.

Ikkje alle hus

Takseringa gjeld ikkje alle private bustader i Bremanger.

– For alle dei som allereie har formuesbeskatting frå skattemyndigheitene så blir den brukt. Det her gjeld bygg som kårhus på gard og fritidsbustader. Då må eigedomane takserast fysisk, seier rådmann Tom Joensen.

Alle skal ha fått informasjonsbrosjyre i posten om prosjektet, og her blei det også gitt moglegheit for dei som ønskjer det å vere til stades under takseringa.

– Det er ikkje noko krav om å vere til stades. Dette er basert på ei utvendig synfaring. Men vi bankar sjølvsagt på døra når vi kjem, så folk veit at vi er der, seier Tejler, som seier at dei også avtaler tid med dei som måtte ønske å vere til stades.

Ikkje likningstakst

Taksten som no blir sett som eit grunnlag for eigedomsskattutmåling, må ikkje forvekslast med likningsverdien.

– Det som skal ligge til grunn her er ein forventa omsetningsverdi, og så følgjer ein nokre parameter for å avgjere den, forklarer rådmannen.

– Vi ser mellom anna på areal, kva eigedomen brukast til, tilstanden på bygget og vedlikehaldet av den. Vi følgjer ein godkjend metode, seier Tejler, som seier at dei brukar om lag 20 minutt på ein enkel eigedom.

– Om det er snakk om ein bustad med garasje er det ein enkel eigedom. Om det er fleire bygg, kan det ta litt lenger tid.

– Kvar begynner de?

– Det er litt forskjellig, men vi startar både i Kalvåg og Svelgen-området. Men det er litt vêravhengig også. Om det blir ekstra fint vêr ein dag, brukar vi den til å dra til meir utsette plassar, fortel Tejler.

Håpet til takstmennene er å vere i hamn med taksering av alle hus i byrjinga av mars.

Eigedomsskattelistene må nemleg leggast ut seinast 1. april.