Nyt opphaldsvêr og sol i helga, for allereie måndag kan det kome snø.

Laurdagmorgon startar med skiftande bris og nordaust frisk bris på kysten. For det meste kan vi vente oss skya, men pent vêr, ifølgje meteorologisk institutt.

Temperaturane vil ligge rundt null og litt under null gjennom heile helga.

Søndag er det meldt om nordaustleg bris og litt lågare temperaturar, men sol og fint vêr.

Nyt denne dagen, for allereie natt til måndag er det meldt om snø frå meteorologisk institutt.

Gjer du noko kjekt i helga? Ta eit bilete og merk det med #fjt i sosiale media eller send dei til oss på fjt@fjt.no.