Måløy Handelsforening meiner det er svært synd om butikklokale blir nytta til anna verksemd. Idag skal Formannskapet i Vågsøy ta stilling om de skal legge et opplæringssenter til andre etasje i kjøpesenteret Måløy Brygge.

– Det ville vere synd om ein ønskjer å nytte eit sentrumsnært godt tilpassa lokale som er bygd for å drive handel, til eit opplæringssenter for språkopplæring. Når ein fyrst har tilpassa lokala til anna formål enn handel, er det vanskeleg å snu, seier leiar i Måløy Handelsforening, Bente Jørgensen.

– Vi hadde håpt at det var liv laga for andre etasje på Måløy Brygge, for det er eit faktum at jo fleire butikkar kundane har å velje mellom desto fleire kundar brukar tilboda. Det er ikkje å legge skjul på at om tilbodet og utvalet blant butikkane blir dårlegare dreg kundane andre stadar eller tyr til netthandel, fortel Jørgensen, og understrekar at det også er viktig med konkurranse innanfor handelsnæringa.

– Vi er ikkje ute etter å sparke beina under kvarandre. Det vil være langt smartare å bygge kvarandre gode og få folk til å handle lokalt og då er det viktig at ein ikkje svekker kommunen som handelstad, seier Jørgensen.