På det gamle omsorgssenteret på Fiskå i Vanylven skal det før sommaren stå klart eit mottakssenter for einslege mindreårige flyktningar.

Kommunen har rom til å ta imot 14 ungdomar.

– Dei einslege mindreårige kjem inn i ein heilt annan kultur enn dei er vande med. Dersom dei kan møte noko kjent i form av nokon som kan språket deira, så trur eg det vil vere ein suksessfaktor både for kommunen, flyktningane som har budd her lenge og dei som kjem hit for fyrste gong, seier Landsverk Sande, og legg til: