Når Statens vegvesen om kort tid gjer seg heilt ferdige med reparasjonsarbeidet i Skatestraumtunnelen, leverer dei frå seg ein tryggare tunnel.

Statens vegvesen har mellom anna nytta anledninga til å montere fleire og tettare nødstasjonar i tunnelen. I tillegg har dei montert evakueringslys.

– Slike ledelys var det ikkje i tunnelen frå før. No er der evakueringslys i heile tunnelen, seier seksjonssjef Margot Åsebø.

Tryggare: Det blir ein tryggare tunnel, meiner seksjonssjef i Statens vegvesen Margot Åsebø. Foto: Sindre Blålid Kvalheim

Med installeringa av desse oppfyller tunnelen også tunneltryggleiksforskriftene som nyleg blei vedtekne.

Vindmålar

Statens vegvesen har også montert nødstasjonane på utsida av tunnelen noko lenger vekk frå tunnelopninga og bestilt kamera som skal monterast ved dei nye bommane på begge sider av tunnelen.

– Kamera gir oss betre oversikt over trafikken i tunnelen. Bommane gjer at vi fysisk kan stenge tunnelen på kort varsel. Det er strengt tatt ikkje krav om bom for å auke tryggleiken, men vi ønskte det. Det finst folk som køyrer på raudt lys, men no vil det også gå ned ein bom ved raud naudblink, seier Åsebø.

Ein av dei større tryggleikstiltaka er installering av vindmålar.

– Ved hjelp av denne kan vi til ein kvar tid lese av kva veg trekken i tunnelen går, noko som har litt å seie når det brenn i ein tunnel. Vi kan måle kvar røyken bles, og så kan vi bruke viftene og styre den i ønskt retning. Det ein ikkje får gjort noko med i tunnelen frå 2002 er den svært bratte stigninga, samt geometrien i tunnelen. Men alt i alt meiner Åsebø at nosituasjonen er betre enn den var før ulykka.

– Totalt sett er tunnelen tryggare no, ja, seier ho.

Fire vifter gjenstår

Arbeidet i Skatestraumtunnelen er ikkje heilt avslutta enno.

– Vi har hatt fire vifter ute på anbod, og desse skal snart monterast i den delen av tunnelen som brann, forteller Åsebø.

Ho forventar ikkje lengre stengingsperiodar som følgje av dette arbeidet.

– Nei, det kan nok hende at det akkurat under montering blir styrt trafikkavvikling, men det blir ikkje lange periodar med stengt tunnel. Inne i tunnelen står det også igjen å merke vegbana.

– Vi skal mellom anna få profilert kantlinje, seier Åsebø.