Hurtigbåten Fjordprins, eigd av Fjord1, er seld til Kroatia. Kjøpar er rederiet Jadrolinija som er eigd av den kroatiske staten.

15.april vart Fjordprins heisa om bord i tungløftfartøyet Deo Volente i Bergen som skal frakte Hurtigbåten til varmare strok i nærleiken av Split.

Fjordprins vart levert i januar 2011 frå Brødrene Aa i Hyen og erstatta då forgjengaren med same namn. Dagens Fjordprins gjekk kun vel eit år i fast rute mellom Bergen-Selje/Sogndal for Fjord1 fram til Norled overtok rutene i mai 2012.

Dei fem andre store ekspressbåtane (Fjordprins 1, Solundir, Sognekongen, Kommandøren og Fjordtroll) vart i tur og orden selde og skipa ut i verda med tungløftfartøy i perioden 2011-2013.

Hurtigbåten har vore å sjå regelmessig i Sogn og Fjordane. I kortare og lengre periodar har den vore utleigd til Norled, mellom anna som fast fjerde fartøy i helgane.

Etter siste tur frå Sogndal til Bergen 4 .april har skipet lagt i Bergen for klargjering til utskiping.