Namn: Kristina Aurore Kvåle

Alder: 23

Sivilstatus: i eit forhold

Bustad: Oslo, men kjem frå Flatraket

Yrke: avsluttar for augneblinken ein bachelor i kunsthistorie og estetiske studier. Jobbar deltid som resepsjonist på hotell. Frilansar som fotograf og skribent og er illustrasjonsansvarleg for Litteraturtidsskriftet Bøygen.

– Kva er du mest oppteken av? – Akkurat no, bacheloroppgåva mi og den neste utgåva av Bøygen. Sånn elles er det jobb, skule, kunst, kultur, vener og kjærasten min. Sånn omtrent i den rekkefølga også.

– Kva gjer du på fritida? – Når eg ein sjeldan gong har fri, prøver eg å nyte den tida så godt som mogleg. Eg har som regel alltid tusen ting å gjere samstundes og fleire deadlines hengande over hovudet. Då er det greitt å kunne koble ut i ny og ne. For meg er fridagar heilage og eg likar å bruke den tida på å skeie litt ut, gå på restaurant, sjå ein konsert, vere sosial og kose meg. Ikkje tenke på arbeid eller skule. Har eg fri over lengre tid blir det gjerne også ein del reising.

– Kven beundrar du? – Patti Smith og mamma. Driftige damer med bein i nasen er bra.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Samhaldet på Flatraket er heilt særeige. Ein bryr seg om kvarandre og ein engasjerer seg i bygda og folka sitt ve og vel. Det synnest eg er veldig fint. Vi har jo også ein heilt fantastisk natur og kanskje verdas mest storslagne utsikt. Det er ein god plass å kalle heime.

– Kva står på di fyrsteside av Fjordenes Tidende? – Rolling Stones til Malakoff.

– Kva ville du gjort dersom du var ordførar for ein dag? – Eg antar at der er ein god del kake og slikt når nokon blir vald som ordførar, så fyrst og fremst hadde eg nok ete litt kake. Dernest ville eg gitt fleire midlar til skulane, biblioteka og andre kulturtilbod. Til slutt hadde eg raskt og enkelt abdisert trona til fordel for nokon som faktisk har kompetanse til å vere ordførar.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Eg trur det må vere då eg budde i Roma for nokre år sidan og eg var på Pete Doherty konsert i ein ganske sliten underground pub i bydelen Testaccio.

– Kva har du på nattbordet? – Akkurat no har eg nattbordslampe, mobil, vekkerklokke, tre bøker, M Train av Patti Smith, Tom Stoppard - the Artist as Critic av Neil Sammells og Harun og Historienes Hav av Salman Rushdie. Eg har også eit miniatyrpapirfly laga av ein gammal kinobillett og eit bilde av meg og veslebror min, Eskil, som vi tok i ein fotoautomat ein sommar.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag? – Aftenposten, Osloby, NRK, Morgenbladet, Facebook, Epost, UiO, Dazeddigital.com, Anothermag.com og Artforum.com. Omtrent i den rekkefølga.

– Kva er meininga med livet?– Vel, vi dør jo på slutten. Det er vel kanskje det som stressar folk. Meininga med livet blir kva den einskilde vel å legge meining og betydning i.