Dagleg leiar i destinasjonsselskapet Visit Nordfjord, Marita Lindvik, fortel om ein svært positiv tendens for reiselivet i Nordfjord.

– 2015 var ein veldig bra sesong. Om ein ser på samla gjestedøger totalt i 2015 kontra 2014, har vi ei auke på fire prosent, og då er det viktig å merke seg at 2014 var eit svært godt år, fortel Lindvik, som trur veksten vil halde fram.

Lindvik peikar også på at ein her i regionen er flinke til å tilpasse seg det som blir etterspurt, noko som saman med den låge kronekursen er ein viktig faktor.

– Det er billegare å vere turist, men det er ikkje berre det. Vi er verkeleg i takt med det som er trenden med aktive feriar og berekraft. I tillegg har nordmenn fått auga opp for eige land, forklarar Lindvik.

For å marknadsføre regionen inviterer blant anna Visit Nordfjord til presse- og visningsturar, reiser på messer og har eit direkte sals- og marknadssamarbeid med Innovasjon Norge og Fjord Norge.