Selskapet Inter Chalet driv med feriehusutleige og merkar stor pågang etter feriebustadar i Nordfjord. I regionen ser dei ei auke for selskapet på 20 prosent samanlikna med i fjor.

– Nordfjord har auka kraftig i trafikk. For ti år sidan var Nordfjord veslebroren til Hardanger og Sognefjorden. Dette har forandra seg veldig, fortel Andreas Fritsche i Inter Chalet, og legg til:

– Norge er veldig attraktivt og ein ser ei auke på fem prosent på landsbasis, noko som nok har litt med valutakursen å gjere. Men den absolutt største auken ser vi i Nordfjord.

Naturen lokkar

Selskapet har om lag 30 hus og hytter i Nordfjord som dei leiger ut, i hovudsak til tyskarar, men også til turistar frå andre land i Sentral-Europa. Fritsche er ikkje i tvil om at dei kunne dobla talet utleigebustadar utan problem.

Per Ove Reme er altmoglegmann for reiseselskapet og har den daglege kontakta med turistane. Han peikar på at regionen er unik fordi den har alt.

– Nordfjord har den eigenskapen at det er kort veg frå Strynefjellet til Stadlandet. Ein kan gå på brevandring og to til tre timar seinare sjå bølgene ute på det opne havet, seier Reme, og legg til:

– Sognefjorden er lengre og det er ei dagsreise om ein vil ha dei same opplevingane.

Treng fleire husvære

– Dei som reiser med oss vil gjerne ut av storbyen, så det er nesten slik at desto meir landleg, jo betre. Det vi ser etter er hus eller hytter som kan passe for ei gruppe beståande av ein familie eller to personar. Dei som ferierer med oss ser ikkje etter luksus, men eit koseleg hus nær sjøen eller havet, med gode senger, utemøblar og gjerne tilgang til båt, fortel Fritsche.