Sigvor Ervik frå Ervik meiner ordførar Stein Robert Osdal tek heilt feil når han kallar Ervik "forgubba".

Les Sigvor Ervik sitt innlegg her:

Eg reagerer sterkt på uttalelsen av ordføraren i Selje om forgubbing i Ervik.

Eg er ein av «gubbane» og har budd i Ervik i 60 år.  Har fått fem born, som alle er busette i Ervik, og etter kvart atten borneborn som alle er oppvaksne her, og  fem av dei er tilbake med familie.

Av ti oldeborn bur fem her på Stadt, så kom ikkje og sei at bygda er eller har vorte forgubba.  Her har alltid vore mange born i Ervik.

Eg har jobba i 20 år i Selje kommune.  Vi betalar vår skatt til Selje kommune kvart år.

I bygda er det plukka vekk den eine etter den andre kommunale tenesta.  Skulen, barnehagen, vegkyrkja osv.  Den kommunale vegen er i dårleg forfatning òg.

Så det einaste vi sit att med av kommunale tenester er toalett/dusj, som er stengd pga at det manglar pengar til vask.  I fjor vart det vaska på dugnad av bygdefolket.

Eg vil ønskje at Selje kommune kan styrast slik at alle får leve vidare utan «forgubbing»