Med ei auke i tilsette i det fusjonerte selskapet og investeringar på rundt 90 millionar i nye båtar satsar Frøy Vest for fullt i Vågsøy.

Endringa i eigarskap har medført ei ytterlegare satsing i Vågsøy for det nye selskapet Frøy Vest AS.

Fleire tilsette

Den mest synlege endringa for folk flest er kanskje at dei velkjende gule «dykkerservice-båtane» som dagleg går forbi i hamna no blir blå – fargen til Frøy-gruppen.

På same tid har også arbeidsstokken auka.

– No er vi i overkant av 100 tilsette i Frøy Vest. Betydeleg fleire enn før, seier Kragset.

Og oppdraga strøymer inn, i følgje driftsleiar Sigve Slagnes.

– Laksenæringa går godt for tida, og det er jo akvakultur og oppdrett vi har spesialisert oss på, seier han.Kragset estimerer at rundt 90 prosent av omsetninga til selskapet er tenester for nettopp denne marknaden.

– Geografisk er Ørsta midt i når ein ser på kvar dei tilsette, så det var naturleg. Deler av rekneskapsavdelinga sit framleis i Evja, og hovudbasen for båtar, verkstad og utstyr er også her, forklarer Kragset.

Plassmangel

Presset på kai og verkstad i Evja er så stort at Frøy Vest no utvidar fasilitetane.

– Vi forlenger kaia, og gjer det slik firmaet er bygd opp – brukar eigen kompetanse og ledige stunder, seier Slagnes.

Han forklarer at selskapet kom til eit punkt der det enten var vinn eller forsvinn.

– Vi stod ved eit skille, enten måtte vi satse, investere og utvikle oss, eller så ville andre kome og ta posisjonen vår. Valet blei enkelt.