Fredagen har så langt vore ganske grå, men resten av helga spår meteorologane mykje sol og fint vêr.

Vinden skal minke utover kvelden og regnet skal ifølge yr.no avta i kveld.

Laurdag er det venta stort sett opphaldsvêr og noko sol. Vinden kan kome opp i søraust frisk bris utsette plassar. Temperaturane vil variere frå nærmare nullpunktet på natta, men kan kome opp i tosifra på dagtid.

Søndagen startar med fint vêr og ein god del sol, ifølge meteorologane. Mot kvelden kan det kome nokre regnbyer. Vinden kjem frå sør og søraustleg retning, og kan kome opp i stiv kuling på kysten frå føremiddagen.

Fjordenes Tidende håper at du vil dele ditt favorittaugeblink frå årstida med våre lesarar. Fram til utgangen av mai kan du sende inn vårstemning til emneknaggen #fjtvår eller på mail til fjt@fjt.no.

Instagram-bilda blir vist på fjt.no og nokre av dei kjem også på trykk i papiravisa. Vi trekker ut tre innsendarar som får kvar sitt Fjordenes Tidende-krus.