I dag opna Bjørgs Mat kafeen i dei nye lokala i Måløy sentrum.

Anne Simensen og Kine Hagen i Bjørgs Mat fortel at det har vore ein hektisk periode, og at det er godt å vere på plass.

– No har vi friske og nye lokale som ligge sentrumsnært og alt av utstyr er heilt nytt.

Kafeen har sitteplass til 42, og allereie rundt opningstidspunktet torsdag sat det gjestar rundt fleire bord.

– Tidlegare har ein gjerne trudd at det er ganske lite plass her inne, men det var mykje betre enn vi først trudde, forklarar Hagen.

Kine Hagen (t.v.) og Anne Simensen var glade for å ta imot den første kunden, som var Adolf Risøy, i kafeen i dag.

Kafeen har lunsjrettar og satsar på å ha ein god og mangfaldig kakedisk.

Den fyrste kunden som var på plass i dag hadde testa ut kakedisken, og var godt nøgd med det han fekk servert.

– Det er veldig kjekt at kafeen no opnar, fortel Adolf Risøy, som er stamgjest og om lag næraste nabo til kaffeen.