Sambat Chhorn og Nitaya Boonrod opnar i dag sin nye thai-spisestad i Måløy sentrum. I tillegg til take-away, serveringsstad og catering vil dei tilby utkøyring av mat.

– Vi håpar vi har litt for alle. I hovudsak vil vi satse på å levere og selje mat på ettermiddagane, kveldar og i helgene, då vi vil ha opent til uteplassane har stengt, fortel Boonrod, som saman med Chhorn har erfaring frå andre selskap. No opnar dei Torget Mat saman.

Konkurranse

Frå før er det to aktørar som tilbyr thaimat i området. Ein i sentrum og ein i Deknepollen. Men Boonrod og Chhorn er ikkje uroa for konkurransen.

Torsdag inviterte Boonrod og Chhorn nokre gjestar til prøvesmaking, for å få tilbakemeldingar på mat og service. Sjølv meiner dei at alle er i målgruppa til spisestaden.

– Kanskje nokre rettar er litt sterke for nokon, men vi trur vi har noko for alle. I tillegg skal vi nokre veker ha spesialitetar og menyen kan endre seg etter kvart, forklarar Boonrod.

I tillegg til catering, take-away og levering kan ein sitte inne hjå Torget Mat å ete eller på uteplassen ved huset, der dei har investert i nye utemøblar.

Titten thai

Det har vore hektisk for dei to damene som i dag opnar sin fyrste serveringsstad, men nokre ulike namneforslag har dei vore innom.

– Huset her vart jo tidlegare nytta som bakeri, og han som dreiv det vart kalla Titten. Så då var vi inne på om vi skulle kalle restauranten for Titten thai, fortel Jakob Myrestrand, som er gift med Chhorn, og bidreg i bedrifta. Ektemannen til Boonrod, Arne Egeberg, står som dagleg leiar av selskapet.

Myrestrand fortel vidare at det kan bli endringar i namnet.

– Selskapet og restauranten treng ikkje ha det same namnet, så vi får sjå om det blir endringar etter kvart.

Myrestrand og Egeberg vil i starten ha ekstrajobb hjå Torget Mat, og bidra med utkøyring og levering av mat.

– Skal dei treffe oss på ettermiddagane, må dei kome på restauranten, smiler Chhorn og Boonrod, som er budde på at det blir mykje jobb og lange dagar i starten.