Opninga av det nye biblioteket i Vågsøy har blitt utsett i om lag ein månad. Komande måndag opnar forhåpentlegvis biblioteket dørene.

– Vi hadde eit håp om å sleppe til før, men vi har venta på å få alle papira i orden for å kunne nytte huset, fortel tenesteleiar for kultur i Vågsøy kommune, Odd Gunnar Myhre, som hadde sett føre seg opning etter påske.

Når opningsdagen kjem blir det ei markering med både kulturinnslag og besøk frå ordførar og ein forfatter.

– Det blir litt underhaldning med kulturelle innslag, vi har planlagt eit forfattarbesøk på dagtid og på opninga på ettermiddagen kjem ordføraren, seier Myhre, og legg til:

– På dagtid håpar vi å kunne invitere alle tredjeklassingane i kommunen til biblioteket.

Bibliotekar Tamara Sortland har tidlegare sagt at ho håpar det nye biblioteket kan bidra til auka leselyst i kommunen.