Sølvi Solvang i Unio brukte 1. mai-markeringa i Svelgen samfunnshus til å sette søkjelyset på kvinnene sine rettar i arbeidslivet.

– I gjennomsnitt tener kvinner om lag 85 prosent av menn si løn uavhengig om det er privat eller offentleg sektor og utdanningsnivå, sa Sølvi Solvang frå Unio som var blant de som talte til forsamlinga under 1. mai-arrangementet i Svelgen samfunnshus.

Solvang viste til at forsking viser at kvinnedominerte yrke blir lågare verdsett enn mannsdominerte.

– Denne store gruppa – dei som tek seg av ungane våre, dei med lærevanskar, rus og psykiatri, dei vi møter i kassa på butikken og dei som reiar sengene på hotella. Kan vi med handa på hjartet seie at dette arbeidet har mindre verdi enn oljeutvinning i Barentshavet?, spurte Solvang.

Ho meiner kvinners løn er eit politisk spørsmål.

– Når kvinner systematisk har tilgang til mindre enn menn, får det konsekvensar for kvinners liv; for deltaking i samfunnet og sjansen til å bli høyrt, sa Sølvi Solvang.

Likar ikkje retorikken

Tradisjonen tru vart 1. mai markert med taler, song, kaker og parolar i industribygda Svelgen.

Torbjørn Vereide (Ap) frå Gloppen var hovudtalar og mante til samhald og solidaritet.

– Eg vert stundom rysta over retorikken menneske brukar overfor andre som prøver å bygge seg eit nytt og trygt liv. Vi har ein integreringsminister som brukar all tid på å skryte av å ha Europa sin strengaste innvandringspolitikk. Vi fortener betre enn det, sa Vereide.

Statleg eigarskap

Han er oppteken av fellesskapsløysingar og statleg eigarskap.

– I fjor hadde vi ei inntekt på 25 milliardar kroner gjennom statleg eigarskap. Vi kan ikkje selje ressursar slik som vasskraft, skog og fisk, sa Vereide, og meinte Norge sin måte å bygge landet på er unik og ikkje må raserast, sa Vereide.

Helikopterulukka i Hordaland sette òg sitt preg på 1. mai-markeringa i Svelgen kor der bur mange offshorearbeidarar. Heile forsamlinga reiste seg i eitt minutt stillheit litt ut i arrangementet.