Fylkesmannen meiner ein ikkje kan opne for meir taretråling i Bremangerpollen før ein veit meir om følgjene.

- Inntil ein faktisk kan legge på bordet data som tilseier at Bremangerpollen ikkje har verdiar som er følsame for taretråling, kan vi ikkje sjå at det er grunnlag for å endre statusen for området, skriv Fylkesmannen ved fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal og seniorrådgjevar Tore Larsen i sitt høyringsinnspel.

Tidlegare i år skreiv vi om arbeidet til ei arbeidsgruppe leia av Elisabeth Aune i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei har laga eit forslag til revidert forskrift for tarehausting i Sogn og Fjordane. I forslaget legg ein opp til utvida taretråling i Bremangerpollen. Ein tillet òg taretråling ved Stallbrekka i Vågsøy - eit område der det i dag er forbode av omsyn til sjøfugl.

– Det var vanskeleg å få gjennomslag for våre forslag, og derfor såg vi ikkje noko stort poeng i å delta i gruppa, sa Larsen til Fjordenes Tidende tidlegare i år.

I sitt høyringsinnspel har han gjenteke at opning for taretråling ved Stallbrekka bryt med ein av føresetnadane for forskrifta som vart vedtatt for ti år sidan.

I sin konklusjon skriv Fylkesmannen blant anna følgjande:

- Tarehausting kan potensielt ha ein lokalt sterk negativ påverknad på tareskog, som er blant dei mest arts- og individrike marine naturtypane, og svært viktig for det biologiske mangfaldet. Årsaka til den negative påverknaden er at hausting skjer med intervall som er kortare enn den tida artsmangfaldet treng for å ta seg opp etter hausting. Regelmessig trålte område blir såleis haldne i ein tilstand med varig redusert biologisk mangfald. For å bøte på dette føreslår Fylkesmannen at dagens praksis med fem års hausteintervall blir fasa ut og erstatta av minst åtte, men gjerne ti års hausteintervall.

Les heile høyringsinnspelet her.

Også Bremanger kommune og Vågsøy kommune er negative til forslaget frå arbeidsgruppa. Bremanger ønskjer ei utviding av dagens vernesone til å gjelde innanfor ei line fra Olderveggen til Mulen (Frøya) i vest og avgrensa av Oldersundbrua i sør. Vågsøy kommune ber om at området ved stallbrekka vert stengt for tråling.

Saka skal opp i hovudutvalet for næring og kultur 12. mai før Fiskeridirektoratet sentralt tek den endelege avgjerda.