Namn: Elin Kråkenes

Sivilstand: gift trebarnsmor

Bustad: bur i Måløy

Yrke: jobbar på Rema 1000 i Måløy

– Kva er du mest oppteken av?– Eg er mest oppteken av familie og vener, og jobbar for at alle rundt meg skal ha det bra! Det vert ein del verv gjennom ungane som også tar av tida mi.

– Kva gjer du på fritida? – Fritida mi går stort sett opp i spøne med oppfølging av ungane og fritidsaktivitetar. Men eg unnar meg å gå i kor, og syng saman med Måløy songlag kvar måndag.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar Berit Fure for det brennende engasjementet ho har for ulike felt som kyrkja og frivilligsentralen. Vi skulle hatt mange fleire frivillige som ho.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det beste med heimstaden min er korte avstandar, ”alle kjenner alle”-faktoren og tryggleiken som borna min kan vekse opp i. Og så elskar eg utsikta mi.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – På mi førsteside står det at kommunen har funne pengar til å ruste opp Skram skole, både innvendig og utvendig, og at ungane våre endeleg får uteplassen dei fortener med mange nye, gode og utfordrande apparat. Leikeplassane ferdig på to veker!

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag? – Om eg var ordførar for ein dag hadde eg innvilga pengar til eit stort badeanlegg ut på øyna. Det hadde vore stort.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Av alle kulturopplevingar eg har, hugsar eg nok best den gongen Thomas Giertsen dreit meg ut frå scena. Var ikkje heilt høg i hatten då nei... Elles er det generelt veldig kjekt å reise på konsertar. Har opplevd mange store som Michael Jackson, Tina Turner, New Kids on the Block, Backstreet Boys, Bon Jovi, Madonna med fleire.

– Kva har du på nattbordet? – På nattbordet har eg radio, vekkerklokke, handkrem og lampe.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Er innom Fjordenes Tidende, Finn.no, Facebook, mailen min og nettbanken.

– Kva er meininga med livet? – Meninga med livet må vel vere å få det beste ut av det. Vi veit aldri kor lang tid vi har fått tildelt, så det må vere å leve medan ein kan. Eg hadde eit nyttårsforsett om å ikkje gå glipp av så mykje og seie ja til mest mogleg. Men det er ikkje mogleg å få med seg alt. Seinast for eit par veker sidan gjekk eg sikkert glipp av tidenes blåtur med koret.