Minustal på om lag 300.000 kroner for 2015 og ein vinter under budsjett gjer at Harpefossen skisenter bed om avdragutsetting hjå banken.

– Får vi utsetting på avdraga hjå lånegjevar Sparebanken Sogn og Fjordane slik vi har fått signal om, er ikkje konkursfaren overhengande. Vi må også be om avdragsutsetting på leasingavtalen for trakkemaskin. Vi er pressa endå meir opp i eit hjørne enn tidlegare. Vi må kutte kostnader, erkjenner styreleiar Stein Bjørhovde etter at 2015-reikneskapen er gjort opp med minusresultat på 295.546.

Truleg kutt i utvikling

Rekneskapen for i år kan bli redda av ein tidleg start neste sesong, men styreleiar Bjørhovde og økonomiansvarleg Jarle Åsebø innser at det må takast grep for å sikre drifta.

– Vi er godt nøgd med sjølve drifta i år. Tilbakemeldingane er gode, og vi vil helst ikkje kutte i det som går bra. Lønskostnadene var 1,17 millionar kroner i fjor, der er ingen auke. Vi estimerer 10.000 dugnadstimar i året, og der føler vi ikkje er meir å gå på. Skal vi kutte i lønskostnadene, vil det gå utover drifta, innser Bjørhovde.

Hovudproblemet i årets sesong var at ein ikkje kom i gang med full drift før i starten av februar. Den seine starten gjorde at det berre var 15.500 besøkjande, mot 18.500 i fjor.

1,5 mill. i avskriving

Bjørhovde og Åsebø innrømmer at 2015-rekneskapen kunne sett endå verre ut om dei ikkje hadde selt to trakkemaskiner. På den andre sida tok dei full avskriving på 1,5 millionar, og betalte fulle avdrag.

– Vi hadde kanskje fått revisor med på lågare avskriving. Men det er å skyve problemet framfor seg. Eg registrerer at andre skisenter vi kan samanlikne oss med fører langt lågare avskrivingar. Ein kan byrje å lure på korleis dei opererer.