Praksisendringa som førte til at permitterte tilsette i fiskeindustrien ikkje fekk utbetalt dagpengar er no skrinlagt av direktoratet.

Tillitsvalgt i Pelagia, Daniel Henriksson, er svært nøgd med avgjerda.

– Full siger for oss

– Det er ein kjempenyheit. Den nye praksisen gjorde at vi hadde vore nødt til å slutte i jobben på sikt om vi ikkje hadde fått pengar medan vi var permitterte. Så viss det stemmer at det ikkje blir noko av, så innebærer det at vi har fått redda jobbane til dei 40-45 som jobbar her. Ikkje alle hadde fått avslag no, men det er noko som på sikt hadde ramma alle, fortel han.

– Både det at vi får tilbakebetalt pengane innan ei vekes tid, og at det blir den gamle plaksisen, er full siger for oss.

Forslaget var å utsette endringa til 1. august for å gå gjennom dei avslaga som var gitt, men på grunn av press frå tilsette og NAV lokalt, har direktoratet gått heilt vekk frå den nye praksisen.

– Det betyr at den praksisen som har hatt i Sogn og Fjordane og i fiskeindustrien i Måløy skal halde fram og at den nye praksisen som ein fyrst sa at ein ville utsette går vekk, seier NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Thore Thorsnes.

Lokale kontor fekk ikkje beskjed

Ifølgje NAV-direktøren fekk ikkje NAV lokalt informasjon om den nye praksisen før den vart innført.

– Det kom fram at det var vedteke ei praksisendring som ikkje var kommunisert til oss. Vi er veldig nøgde med at det ikkje blir noko av.

Han seier at endringa kom som ei overrasking, og presiserer at NAV-kontoret i Måløy ikkje har skulda.

– Kontoret i Måløy vart beskulda for å ikkje følgje med i timen, men dei har gjort det dei skal heile tida. Dei var ikkje informert om praksisendringa og gitt informasjon ut i frå det dei hadde kunnskap om.

Grunnlaget for den nye dagpenge-praksisen er uklart i følgje direktøren.

– Eg veit ikkje kva som var grunnen til at praksisen skulle endrast, og har ikkje fått noko grunngjeving om kvifor ein skulle endre praksis. Vi var veldig overraska rett og slett, difor engasjerte vi oss, fortel Thorsnes.

I dag er det ekstraordinært årsmøte i Pelagia, og der mellom anna denne saka skulle diskuterast, blir det no feiring i staden.

– Vi skal steike litt sveler og feire med det, fortel Daniel Henriksson.

Les meir om NAV-rotet: