Store deler av helsejournalen din blir gjort tilgjengeleg for deg på nett.

​Det betyr at pasientar over 16 år i heile Helse Vest kan logge seg inn og sjå det meste av sin somatiske journal på sin eigen PC, skriv Helse Førde på sine nettsider.

– No slepp folk å ta kontakt med sjukehuset for å få journalen sin utlevert. Dette trur vi vil gjere terskelen for innsyn mykje lågare, seier seier Hilde Christiansen, som er direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest, i ei pressemelding.

I Helse Nord har pasientar kunna lese journalen sin i nokre månader allereie.

Helseføretaket er i gang med ei gradvis innføring, og inntil vidare har ikkje pasientane i vest netttilgang til absolutt alle journaldokumenta sine. Dette skuldast blant anna at nokre av dokumenta er i format som ikkje fungerer i portalane.

– Nokre dokument er også unntekne frå vising på nett, fordi vi må vere heilt sikre på at rutinane for å administrere pasientinnsyn er på plass før vi kan vise dei, seier Kirkeluten. Men han understrekar at heile 3500 typar journaldokument er tilgjengelege for digitalt innsyn, og berre om lag 300 er sperra. Og ikkje minst at dei fleste av desse vil bli opna til hausten. 19. september blir nemleg også journaldokument frå psykisk helsevern tilgjengeleg på nett, seier Ole Jørgen Kirkeluten, som er prosjektleiar for Min pasientjournal.

– Sidan Helse Nord opna opp for innsyn på nett, har dei hatt seks slike tilfelle. Vi har ingen grunn til å tru at det skal vere fleire slike feilarkiveringar i våre helseføretak her i vest, seier Christiansen, og legg til:

– Vi vil ta alle meldingar om slike feil på det største alvor. No har i det minste pasientane tilgang og kan gi beskjed om dei oppdagar feil. Slik sett bidreg dette til å sikre kvaliteten. Oppdagar pasientar feil i journalen sin skal vi orsake og mobilisere for å rette opp feilen så raskt som råd.