Ein person er meldt for å ha køyrt i rusa tilstand etter eit trafikkuhell ved Breidteig i Vanylven kommune i dag tidleg.

Politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrt av vegen ved Syvdefjorden klokka 06.22. Den fyrste melding gjekk ut på at det kunne vere to personar i bilen.

– Det var ein person som stakk av frå staden, men han har politiet fått tak i. Politiet søkte i området om det kunne vere fleire som hadde vore involvert i ulukka, men har ikkje funne noko, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Personen som vart pågripen vart framstilt for blodprøve.

– Han er meldt for å ha køyrt bil i påvirka tilstand, og det er snakk om alkoholrus. Det vil no bli tatt avhør av han, seier Rimmen.

Det var ingen andre bilar involvert i hendinga, men bilen som køyrte utfor vegen har store skader.