Klokka 06.20 onsdag morgon fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrd av vegen ved Breidteig i Vanylven kommune.

Bilen hadde fått skade.

Vitne så ein person springe frå staden.

Ein time seinare vart ein person pågripen av politiet.

Det var då uvisst om det hadde vore fleire i bilen eller kva som har skjedd.

Politiet føl opp saka.