Fotballgruppa i Eid IL ønskjer at det vert bygd ein fotballhall på Nordfjordeid, i nær tilknyting til ein av dei tre eksisterande fotballanlegga.

– Fotballgruppa har aukande aktivitet og presset på bruk av eksisterande anlegg er stort. Fotball utviklar seg også i større grad til å verte ein heilårsidrett, og det er difor bruk for anlegg kor ein kan trene heile året uavhengig av vêrforhold, skriv styreleiar Stein Inge Strøm til Eid kommune.

Han ber kommunen starte arbeidet med å finne ei eigna plassering av framtidig fotballhall, og at denne vert tatt inn i kommuneplan for idrett ved neste revisjon av planen, samt at ein jobbar for å få inn ein spelemiddelsøknad på anlegget så fort det er mogleg.

Ønsket er å plassere ein fotballhall i kortast mogleg avstand til Eid idrettspark og alle skulane på Eid. Dette for å forenkle logistikk i samband med trening, kampar og arrangement, men også med tanke på bruk i fotballfritidsordning.

– Vi trur ein fotballhall vil gjere at fleire held fram med fotball og fysisk aktivitet, samstundes som færre pendlar eller flyttar bort for å drive med fotball andre stader med betre tilbod, skriv Strøm.