Ungdomsrådet i Eid har jobba hardt for å få ungdomen til å engasjere seg i kommunereforma. Leiar Ole Martini trur valoppslutnaden blant ungdomen blir høg.

– Eg trur ungdomen kjem til å seie meininga si i den rådgjevande folkerøystinga. Vi i ungdomsrådet har «masa» mykje på dei gjennom føredrag og stands, fortel Martini.

Saman med nestleiaren i ungdomsrådet, Ingvild T. Stautland, Siri Sandvik (Ap), som har vore i forhandlingsutvalet, og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), har Martini blant anna besøkt Eid ungdomsskule og fortalt om konsekvensane av kommunereforma.

Lagt til rette

Onsdag i førre veke var det førehandsrøysting på Eid vidaregåande skule. Sidan 16-åringane også kan stemme i den rådgjevande folkerøystinga fekk 10.-klassingane ved Eid ungdomsskule reise til vidaregåande for å gi si stemme.

Leiaren i ungdomsrådet har sagt si meining under førehandsrøystinga.

– For meg har det vore viktig å sjå på kva som skjer med ungdomsdemokratiet og å sikre at kommunen vil vere ein attraktiv stad å flytte tilbake til i framtida, seier Martini.

Meir optimisme i Eid

Tidlegare i år hadde Eid ungdomsråd eit felles møte med ungdomsrådet i Gloppen. Der diskuterte dei konsekvensane av reforma, og vart einige om at dei skulle gå ut å informere ungdomen, men ikkje tilrå det eine eller det andre standpunktet.

– Det er nok meir optimisme å spore i Eid enn i Gloppen. Det har vi merka i diskusjonar med ungdomsrådet i Gloppen, men det er uansett viktig at folk røyster på måndag, understrekar Martini, som ikkje vil spekulere i kva resultatet blir.