– Eigne poteter smakar best, synes Ragnhild (77) og Daniel Bjørlo (84) på Nordfjordeid.

Ris og pasta et seg inn på poteta sin plass ved det norske kjøkkenbordet, men for desse veteranane er sjølvdyrka potet naturleg.

– Heile mitt liv har vi dyrka potet her på Bjørlo, og det skal vi halde fram med så lenge vi klarer det, seier Daniel, der han og kona sit bak på den femti år gamle halvautomatiske potetsettaren.

Bak traktorrattet er svoger og bror Erik Alsaker (79).

Også traktoren er av edel årgang, ein raud Volvo frå 1971.

Felles åker

I mange år har dei hatt felles åker. To mål kvart år.

– Vi brukar ein gammal sort med settepotet. Kvite poteter som vi fekk av engelskmennene før krigen, då dei kom her for å fiske, seier Daniel. Tradisjon er viktig, og dei vil behalde den gode matpoteta.

– Den er like god å ete på hausten som no, meiner dei.

– Det beste med å dyrke potet sjølv er at vi veit det ikkje er sprøytemiddel i dei, fastslår Ragnhild.

Bak på potetsettaren er det hektisk tempo for å legge til rette ny settepotet etter kvart som andre vert planta i jorda.

– Vi er ikkje plaga med tørr-rote, det einaste plaga vi har er hjorten som sparkar opp poteta, sukkar dei.

Før 17. mai

– Det å sitte ved matbordet og ete sjølvproduserte poteter er ei god kjensle, synes dei.

Dei vil ikkje høyre snakk om at det er lettare å gå i butikken og kjøpe seg potet.

– Det blir ikkje det same. Men i dag er det ikkje så mange bønder som har potet lenger. Difor har vi hatt barnehagar her på besøk for å plukke potet om hausten, for å lære ungane kvar ho kjem ifrå, fortel gamlerektoren Daniel pedagogisk.

– Målet er alltid å få poteta i jorda før 17. mai, seier han.

– Daniel får ikkje så god 17. mai utan, flirer kona. Han begynte allereie i januar å plukke ut kva potet som eigna seg som settepotet.

– Her er mykje historikk med det å sette potet. Til og med kassene vi har potetene i er gamle. Dei laga far min, men dei held endå, seier Daniel.

Bortover åkeren tassar gamle-Volvoen i sakte tempo.

– Før brukte vi ein gammal gråtass, men den køyrde for fort. Denne har akkurat passe tempo, fastslår Ragnhild nøgd, medan potetene finn vegen ned i jorda.