Han­di­kap­la­get i Van­yl­ven re­a­ge­rer sterkt på det dei kal­lar eit uver­dig trans­port­til­bod. Bjarthild Slag­nes og Mål­frid Rin­dal har i over eitt år kjem­pa for eit bet­re til­bod gjen­nom Pa­si­ent­rei­ser.

– Pa­si­ent­rei­ser og MediTrans opp­trer utru­leg ar­ro­gant, for­tel lei­ar i han­di­kap­la­get i Van­yl­ven, Bjarthild Slag­nes, og øko­no­mi­sjef Mål­frid Rin­dal.

Han­di­kap­la­get meiner at tilbodet har blitt mykje dårlegare etter at MediTrans tok over pasienttransporten i kommunen.

– Vi har vur­dert å mel­de til­hø­va, men hå­par at si­tua­sjo­na­ne skal ord­ne seg til det bes­te for bru­ka­ra­ne, utan at vi må gå så langt, sei­er Slag­nes.

Al­vor­le­ge kla­ger

Han­di­kap­la­get har kla­ga på til­hø­va til flei­re ins­tan­sar, der­iblant Hel­se Møre og Roms­dal, fyl­kes­kom­mu­nen og Van­yl­ven kom­mu­ne. Slag­nes har ber­re fått eitt svar. Det kom frå hel­se­fø­re­ta­ket, som vis­te til Pa­si­ent­rei­ser, som an­svar­leg part.

Ho sit på flei­re kla­ger frå bru­ka­rar av til­bo­det, og hev­dar det er flei­re enn dei som har sendt skrift­leg kla­ge, som er mis­nøg­de med si­tua­sjonen.

– Dei som er eld­re enn meg er gjer­ne ik­kje van­de til å kla­ge, og nokre er så sju­ke at dei ik­kje har ener­gi til det. Eg har 10–15 kla­ger liggande frå brukarar, og eg må seie at nokre av dei er tem­me­leg al­vor­le­ge.

Ei dags­rei­se

Det er flei­re ting han­di­kap­la­get re­a­ge­rer på.

– Eit lege­be­søk tar ofte ein heil dag. Mor mi på 89 år skul­le på sju­ke­hu­set og det tok 12 ti­mar frå ho reis­te hei­man­frå til ho kom til­ba­ke, for­di bus­sen had­de med an­dre pa­si­en­tar.

Fjordenes Tidende har gjort fleire forsøk på å kome i kontakt med MediTrans for ein kommentar, men ikkje lukkast.

Tilrår at samarbeidet vert avslutta

Vanylven kommune er ikkje nøgde med måten MediTrans gjennomfører pasienttransporten i kommunen på. Livsløpsutvalet i kommunen behandla saka onsdag.

– Frå kommunen si side er vi misfornøgde med kvaliteten på transporten og gjennomføringa av tilbodet, seier Arnhild Nordaune, som er kommunalsjef for helse og omsorg i Vanylven kommune.

Etter behandlinga i utvalet vart det også lagt til følgande i tilrådinga:

Vanylven kommune oppfordrar helseføretaket til å starte arbeidet med utlysing av nytt anbod, slik at pasienttransporten blir vesentleg betre frå sommaren 2017, då anbodsperioden er over.

Vidare vart det lagt til at utvalet oppmodar helseføretaket om å ikkje gjere opsjonen på forlenging av avtale med MediTrans gjeldande, og at utvalet tilrår at utvalet som har jobba for ambulanseteneste i Vanylven også jobbar med problemstillingane rundt pasientreiser.