Ein halv time over midnatt, natt til søndag, grunnstøytte ein fritidsbåt ved Smørhamn i Frøysjøen.

Det var tre personar om bord. Det vart hol i skroget, og båten tok inn vatn.

Men dei tre klarte å komme seg til land ved eiga hjelp.

Redningsskøyta Halfdan Grieg rykte ut.

Det same gjorde politi og helsepersonell.

Det er ikkje meldt om personskade.

Føraren av båten, ein mann i 50-åra,  vart teken med til lege mistenkt for å vere rusa på alkohol.