- Det har vore eit problem lenge, og det er veldig synd for oss som står her i teltet og skal prøve å selje ting, seier Gunn Sande.

Denne helga er Dragseidspelet i tillegg til marknad i sentrum på Stadlandet, men minibanken var tom alt laurdag føremiddag.

- Publikum blir oppmoda til å ta med kontaktar sidan vi ikkje har kortterminalar, og så kjem dei hit og får ikkje ut noko i minibanken, seier Sande.

Sande og Kenneth Brandal oppmodar tilreisande til å ta ut kontantar før ein kjem til Stadlandet denne helga.

- Ein vil jo helst prate om andre ting på dagar som dette, fortel Brandal.