Natt til søndag måtte politiet rykkje ut to gonger til bråk i private hus:

Ein halvtime over midnatt så måtte dei ut til eit privathus i Måløy der det var krangel mellom fleire personar. Politiet prøvde å mekle.

Litt seinare på natta måtte politiet ut til eit privathus i Vanylven der eit sambuarpar hadde ein heftig krangel.

Politiet prøvde å mekle her også.

Natt til søndag fekk politiet melding om at det hadde vore gjort skadeverk på ein personbil i Svelgen.

Ei rute var knust, og saka blir meld til politiet.