Eid kommune seier ja til samanslåing, medan Gloppen seier 56,2 prosent. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) seier resultatet er i tråd med forventningane.

–Vi har eit resultat som er i samsvar med innbyggarundersøkinga og haldningane som har vore i det politiske miljøet i Eid. Ein må kunne seie at resultatet i Eid er rimeleg tydeleg, fortel Bjørlo.

Resultatet då førehandsrøystene var talt opp i Eid kommune viste at 69,4 prosent hadde sagt ja til folkerøysting.

– Det kan sjå ut som om det har vore ein liten nei-vind i Eid den siste tida, seier ordføraren.

49,3 prosent av innbyggarane i Eid kommune sa si meining i den rådgjevande folkerøysting, Bjørlo hadde håpa at valoppslutnaden skulle kome over 50 prosent.

– Ved førre lokalval hadde vi ein oppslutnad på 66 prosent. Svakheita ved eit slikt lokalval som vi har hatt i dag er at det i praksis er svært vanskeleg for dei som bur utanfor kommunen å delta. Difor er eg svært glad for at vi supplerte med ei innbyggarundersøking, som er representativ, slik at vi har ein avsjekk på resultatet. I sum har vi fått god informasjon, seier han.

I Gloppen vart det eit knapt nei-fleirtal. 50,82 prosent av dei røysteføre i kommunen sa nei til samanslåing med Eid. Bjørlo peikar på at politikarane i Gloppen har ein vanskeleg jobb føre seg.

–Dei har eit heilt todelt innbyggarråd å halde seg til. No må dei ta stilling til kva dei skal gjere. Eg kan ikkje spå kva som kjem til å skje, men vel dei å seie nei er det skuffande. Men då har Gloppen tatt sitt val om at dei får det best ved å gå aleine inn i framtida. Då må vi i Eid vurdere på nytt kva vi skal gjere, seier ordføraren.

Torsdag har Eid kommune kalla inn til møte i kommunereformsutvalet og formannskapet der dei skal drøfte vegen vidare.

– Bestemmer Gloppen seg for å seie nei, vil det vere naturleg for oss å ta ein prat med dei andre naboane våre, konkluderar Bjørlo.

Les meir frå valdagen her:

  • Stod i kø for å røyste

  • Er ikkje i tvil om kva han skal stemme

  • Dei fyrste resultata er klare

  • No har dei talt ferdig

  • Svært jamt i Gloppen