Fylkesmannen har etter eit tilsyn med Eid kommune avdekka to avvik i tilbodet til utviklingshemma i kommunen.

Det var i midten av mai at Fylkesmannen førte tilsyn med Eid kommune sine helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming. Av den førebelse rapporten går det fram at kommunen styrer med for stor grad av risiko for svikt i tenestene til personar med utviklingshemming.

– Kommunen har vore gjennom ei vurdering sett i lys av det vi meiner skal vere standarden i 2016. Avvik frå det som vi forventar, ser vi generelt sett alvorleg på, fortel Stensland.

Ustabilitet i leiinga

Det har ifølge den førebelse rapporten vore eit omfattande tilsyn med kommunen sine tenester. Tre brukarar og deira pårørande/verjer har vore i samtale med tilsynsførar. I tillegg har 12 tilsette blitt intervjua om tilhøva.

Det andre avviket grunnar i at kommunen ikkje sikrar forsvarleg tillaging av legemiddel.

Treng kvalifisert personell

Fleire av punkta i den førebelse rapporten handlar om handtering av legemiddel. Det går fram at legemiddellistene ikkje vert kvalitetssikra eller underskrive av lege, og at verksemda ikkje har fagleg rådgjevar med legekompetanse eller provisorfarmasøyt.

Det blir også peika på at ein ved eigenvurderingstilsyn i 2014 og internt farmasøytisk tilsyn i januar 2016 ved Gjerdane bufellesskap avdekka avvik. Desse er ikkje følgt opp og korrigert.

– No har kommunen høve til å uttale seg om den førebelse rapporten innan 10. juni. Deretter vil vi konkludere i ein endeleg rapport, seier Stensland.

Er ikkje overraska over rapporten

Eid kommune er kjende med funna i den førebelse rapporten, og seier at tilsynet slår fast det dei allereie visste.

– Det er ikkje ei overrasking for oss det som kjem fram i rapporten, men det er klart vi tar det på høgste alvor. Dette er den svakaste og mest sårbare gruppa av brukarar, noko som det enno meir alvorleg. Vi jobba så raskt vi kan, men det er ikkje berre å snu opp ned på alt. Vi må ha føresetnadane på plass, seier kommunalsjef for helse og omsorg Kari Krogh.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Eid kommune, Kari Krogh (i midten), er ikkje overraska over rapporten, men ser alvorleg på det som kjem fram. Arkiv

Rapporten, som kommunen har fått tilsendt frå Fylkesmannen, er ein førebels rapport. Kommunen vil no jobbe for å betre tilhøva for dei utviklingshemma i kommunen.

– Vi har hatt mange ulike leiarar dei siste 10–15 åra og slite med rekruttering. Men no har vi fått på plass fleire leiarar og ein god struktur, seier Krogh.

Eit av problema som det vert peika på i den førebelse rapporten er legemiddelhandtering og rutinar rundt dette. Noko som, ifølge Krogh, heng saman med rekruttering.

– I eit interntilsyn i 2014 vart det peika på dei same problema. Det er dette vi tar tak i fyrst. Vi må ha på plass retningsliner og prosedyrar. Anten må vi ha ei avtale internt eller kjøpe tenester. Vi tar tak i situasjonen og det vi har fått avdekka.

Kvaliteten er på dagsorden

Eid kommune er positive til at Fylkesmannen har hatt eit tilsyn med tenestetilbodet for utviklingshemma i kommunen.

– Vi har vore klar over problema i tenestetilbodet, og var eigentleg glade for at vi fekk eit tilsyn i vernepleietenesta no, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Eid kommune, Kari Krogh.

– Vi varsla, før vi hadde tilsyn, om at vi har gjort eit arbeid med å få på plass faste tilsette. No har vi fått leiar på plass, samt to faglege leiarar, i staden for ein leiar, som vi hadde tidlegare. Dette vil bidra til ein god struktur, seier Krogh, og legg til:

– Vi har fått både kvaliteten i tenesta og innhaldet i tenesta på agendaen, og vi tar dette veldig alvorleg både politisk og administrativt.