Jannike Brenden Frøyen, presseansvarleg for Der Båra Bryt, ønskjer å rette ein stor takk til alle bidragsytarar og aktørar som var med før, under og etter framsyningane av vandreteateret.

– Utan dykk hadde ikkje dette vore muleg, seier ho.

Ho rosar også publikum. 800 såg dei to førestellingane.

– Eg trur vi må kunne seie at det blei ein suksess, men vi er framleis i evalueringsprosessen. Rekneskapen skal også gjerast opp. Og først då kan styret ta ei avgjerd på dette, seier Brenden Frøyen.